Furnitureporn

Hahahahaha.
skjekk det ut: wwww.furnitureporn.com


Pannekake<33

Weee! I dag hadde eg ein pannekake date med Marie, Vilde og Mirjam!
Vi har steikt pannekake, med bacon (nei, ikkje Mirjam), blåbærsylte, banan og nugatti!
Nam nam. Yummie. No sitt vi alle på sofaen alt for mette og kvalme, men sinnsjukt fornøgde!
Pannekake er det beste som fins!

pannekake

Kva syns du om pannekake med nugatti og banan? :)
nugattbanan1

Knis. <3







Ally McBeal + et halvt kilo smågodt + to småsjuke damer som har cravings for kjøttdeig + ein vegetarianar.

Jess. Kvelden min i dag er akkurat som overskrifta mi.
Bortsett frå all den tida eg eigentleg skulle ha brukt på å gjere ferdig analysa mi i Akademisk skriving.
Men men. No har eg utsatt det så lenge at det kanskje er like greit å utsette det til i morgon også?
Er det ikkje slik at ein fungerar best under press?



dsc00543

Ikkje fullt så glad i å bli knipsa eit bilete av!

dsc00541

Nam nam. <3

dsc00539

Candy <3 <3 <3 
Tusen takk til Nødprovianten som orka å gå på butikken for å kjøpe godis og parasett! :D



Det var kvelden sin det!
Agent Ziben Ziben takkar for seg.



(PS! Kva tykkjer dykk om TaxFree flagget vårt? Eg legg ved eit ekstra bilete av det, for spesielt interesserte. Blunk.)
dsc00537



LOMO <3

Eg elskar LOMO-kameraet mitt.
Lomo er opprinneleg navnet på eit superhemmeleg firma frå den gamle Sovjet Unionen, som laga kamerar og kikkertar til det Sovjetiske militæret. I 1976 lagde dei veras største teleskop.
Dei lagde eit kamera som heiter LOMO LC-A. Dette kameraet kom to vietnamesiske studentar over i 1991, ein gong dei reiste gjennom St.Petersburg og tok ein del bilete med det utan å vite kva som kom til å komme fram på filmen.
Det viste seg at bileta hadde kjempe fine fargar og kontrastar, og slik starta dei ein egen kult; Lomografi.
Dei to studentane begynte etterkvart å produsere kopiar av Lomo LC-A som Lomo LC-A+.
Lomografibilete er ofte ufokuserte og med eksprimentelle lukkertider. Det er ein eigen kunst, som "skikkelege" fotografar ofte ser på som noko tull, sidan det ikkje går ann å ta skikkelege bilete med kameraet.
Andre kjente Lomografikamerar som har oppstått etter Lomo LC-A er feks Holga, Diana, Horizon og Fisheye.

Mitt lomokamera er faktisk kjøpt av min onkel reisande Steinar i St.Petersburg nokre år tilbake. Så eg har den ekte lomoen. Kult ikkje sant?

Kva tykkjer du om lomografi sjangeren??
Her er nokre bilete tatt med mitt vakre lomokamera:

untitled2
 

untitled4  untitled6

untitled10

untitled33













Fototur med meirsmak.

I går gjekk eg og Tonje (eg er også kjempe flink til å legge ut linkar!) på foto-tur til den berykta "Sandvika" i Sula kommune. Der er det lurast å gå med støvlar. Fant vi ut. Etterpå.
Her er nokre bilete som vart tatt på turen. Kva tykkjer de?


regn97  regn911

regn939   regn963


regn967






















Det blei sjølvsagt også ein del morosame bilete av kreative fotografar i låke stillingar:

regn917

regn923


Og eit bilete av ein forvirra redd sunnmøring på jakt etter grotter med gull i.
Men vi fant berre ei særs skummel grotte som vi sprang ut av då vi byrja å tenkje på skrekkfilmar.
Og den ser ikkje så skummel ut på biletet, men det var den i verkelegheita.

regn952



Eg set stor pris på kreative, rare, sære, morosame, trivelege, hyggelege og artige kommentarar.
- AgentZibenZiben slår til igjen.

Kvifor likar du ikkje regnet?

Regn. Eg undrast om det er fordi eg er fødd i Bergen, og vokse opp på Sunnmøre, at eg er så glad i regn.
På veg heim frå jobb i dag begynte eg å tenkje på kor glad eg faktisk er i regn.
Det er rart at ein automatisk vegrar seg for å gå ut når det regnar. Regn er koseleg.
Sjølvsagt blir ein fort våt og kald, men ikkje i sommarregnet?
Sommarregnet kan anten komme brått og vilt på med fantastiske store tette regndråpar, eller så kan det pusle seg sakte og forsiktig ned på bakken. Sommarstorm er noko av det beste eg veit! Å gå eller sykle seg heimover i pøsande regn som gjer at ein blir drypande våt heilt inn på huda, med kliss blaut hår som renn når ein kjem inn. Med regndrope på nasa.
Det er ei fantastisk oppleving. Sommarregn får meg nesten til å danse, men eg er ikkje så flink til å danse, så eg endar berre opp med å "snurre" i regnet. Det er ganske så gøy det også.
Ser ikkje du for deg kor gøy det er der ute, når regnet trommar som verst på taket?
Får du ikkje lyst til å ta på deg gummistøvlane, regnfrakken og sydvesten for å springe eit par rundar rundt huset?
Det gjer eg. Derfor skal eg kjøpe meg ein knall gul regnfrakk og knall gul sydvest.

Når eg gjekk der ute i pusleregnet kom eg på at eg må finne ein søt liten paraply til kameraet mitt. Sjølv om eg har superkamera så kan det vere greit å ha. For eg har tenkt å ta mykje flotte bilete i regnet framover. Eg skal ta smug-bilete av deg etter at du har lest bloggen min, og tenkjer: "No må eg også ut å snurre i regnet."
....Men eg er ikkje så altvitande av meg at eg klarar å forutsjå når du har tenkt deg ut, så vær vennleg å send meg ei melding neste gong det regnar og du er på veg ut. Då tar eg fram kamfulasje kleda mine, men du veit aldrig. Kanskje er eg der. Kanskje ikkje. Er du heldig så har eg rukke å kjøpt meg knall gul regnfrakk, eg har høyrd at det skal være særs lett å sjå folk med knall gul regnfrakk.

regn1ferdig  regnferdig4

Dagens "fangst" i regnet. Klarar aldrig å bestemme meg for om eg skal ha det i svart kvitt eller ikkje... Kva tykkjer du?


regnferdig2  regnferdig3


Fargar eller ikkje fargar? - Det er spørsmålet.

- Agent ZibenZiben slår til igjen.


Knis(?)

Hei og hopp.
Din sopp.

kva skal ein finne på?
Eg har fått litt dårleg samvittighet (internfotnote nr.1) på grunn av min mangel på skriving.
...Men.
Det gjer ingenting.
For no skal eg lage ein blogg til!
(Det følast ut som om eg kjem til å bli utru mot Draumlaus, men skal prøve å vere snill og grei her også)
Det skal bli ein kul blogg med Sandra (Rampsine.blogg.no), som vi skal vise fram alle dei kule kreative tinga vi lagar kvar torsdag!


Meir info kjem. Haha.

(internfotnote nr.1)
Korleis skriv ein samvittighet? Er dette riktig?
Set pris på rett svar frå språkvitarar.

Barampapa papa papa bom bom bom bom.

No skal eg skrive på rim.
Men eg likar ikkje prim.
Songen eg har på hjerna,
blinkar langt vekke i det fjerna.
Nynorsken vert ikkje heilt rett,
men det kan vi fjerne med ein Hakkespett.
Ops. Der haldt eg nesten på å skrive ein ord delings feil.
Eller, kven veit. Eg har ikkje peiling.
Peiling og delings rimar like mykkje som speling og mjølking.
DU ER EIN MJØLKING.


- Dikt skrevet av Agent ZibenZiben

Ps! Eg set stor pris på gode kommentarar.

Segltur med Statsraad Lehmkuhl til Orkenøyene!

Hiv og Hoj!
I morgon reiser nesten heile bøtteballeten fra Fana Fhs til Orkenøyene på segltur.
Det kan bli interessant...

Ting ein gledar seg til:
- Sove i hengekøye
- Klatre i den 40 meter høge masta
- Synge shanti-sangar midt på natta
- Synge shanti-sangar midt på natta men forandre teksta frå "Leave her Johnny, Leave her Johnny" til "Eat her Johnny, EAT her Johnny" for å freake ut Mirjam. (Sidan vi skal ete ho når vi strandar på ei øde øy. Det er nemleg ikkje bra å ete rovdyr, og Mirjam er veggis.)
- Springe rundt på ein seglbåt
- Springe rundt på ein seglbåt og ikkje være sjø-sjuk. (bank i bordet.)
- Skrive postkort fra Orkenøyene til ymse vennar.
- Drikke Guiness og Orkisk (?) wiskey, på ein ymist pub.
- Være oppe halve natta for å være "Skipsgut"
- Ta mykje rare bilete med Lomo og analogspeilregleks.
- Svare HOJ, på alt som skal svarast JA til.
- Hm.
- Spele bridge på ein seglbåt?
- Late som eg ser kjempeblekksprutar og sjøuhyre midt på natta for å freake ut ymse folk. (om nokon er dumme nok til å gå på den.)


18



Tja. alt i alt gler eg meg fryktleg.
Vi skrivast om ei vekes tid. <3

- Agent ZibenZiben.


Dialekt?

I dag skal ej egentlig skrive på dialekt til ære for Nødprovianten.
Men ej vekkje kor mange linjene som trengs å lesast på dialekt før det berre egentlig blir teit og en begynne å hate sunnmøre bittelittegrann? Det e mykkje bra so kan skrivast med masse rare litt låke dialektord.

Men tilbake til det rette språket; Nynorsken.
Eg har tenkt å belyse (intern fotnote nr.1) eit lite dilemma som oppstod mellom Napoleons testikkel spørsmål og kva Dildo er.
Om Georgia ligg i Asia!
Det gjer det faktisk. Georgia er eit lite land som ligg sørvest i Asia langs Svartehavskysten, mellom Tyrkia og Russland.
Det grensar både til Tyrkia, Russland, Armenia og Aserbajdsjan. Tidlegare var det ein del av Sovjetunionen.

I mange ulike samanhengar kan dette blogg-innlegget verke både keisamt og teit. Men i verkelegheita er det berre veldig internt. (Intern fotnote nr.2)

Sann heilt ut i det blå må eg nokk også fortelje at ugla er frykteleg stille i natt. NEIDA. NO TUUTAR DEN. Sjølvsagt i det eg skriv at den er heilt stille. DÅ bråkar den. Kanskje eg bør banke i veggen til Mathias? Næh. Stakkars ugle-guten.
I morgon er det Torsdag.


God Kveld og takk for meg. - Agent ZibenZiben.


(intern fotnote nr.1)
Her seier retteprogrammet mitt at eg kan istaden for å skrive "belyse", skrive "kubbelys", "elyseisk" eller "månelys". Interessant.
(intern fotnote nr.2)
Skrivast ikkje intern med æ? som i intærnt?
Sært.

Miniapplaus

Eg må få med dele med dykk alle at eg har klart og sletta det fyrste blogg innlegget som eg ikkje skreiv sjølv der det berre sto: "Velkommen til min blogg". (intern fotnote nr. 1)


(Intern fotnote nr. 1):
- Har du ikkje fått med deg hendinga og problema den skapte?
Les på det faktisk fyrste blogginnlegget mitt nederst på sida.

Dekknamn og alpakka.

Eit dekknamn, pseudonym, er eit fiktivt namn brukt av ein person istaden for sitt verkelege namn.
I dag har eg snakka i kodar med Nødproviant, 3-Kløver, Orkan, og;  Semikolon.
Eg måtte slå opp på wikipedia for å sjekke ut riktig bruk av semikolon; og forstår at over er det feilaktig brukt.
Men der fann eg også ut at eit teikn med same utsjånad vert brukt på gammalgresk som spørsmålsteikn.

Eg har lovd Semikolon at eg skulle ha med nokon faktar om alpakkaen.
Alpakka er eit klovdyr i den Sør-Amerikanske kamelfamilien i lik heit med lamaen.
Alpakkaen går drektig i 335 - 340 dagar(!) og kan føde omtrent 15 avkom.
Alpakkaen har den nest beste ulla i heile verda, og kan produsere omlag 2 kilo spinnbar ull i løpet av eit år.

Så rart, som min gode ven 3-kløver ville ha putta det.

19.apr.2009

I dag/natt/kveld skal eg skrive om ugler.
Ugler er merkverdege dyr/fuglar.
Grunnen til at eg veljer å skrive om ugler er at eg har ei ugle utanfor vindauget mitt som driv og uglar seg om natta.
Det er både kosleg og irriterande.

Eg har no lest mykkje om ugler på wikipedia. Der sto det faktisk ingenting interessangt, så eg trur at eg må forandre emne.
I dag høyrde eg noko interessangt om ålar.
Viste du at alle europeiske og amerikanske ålar dreg til Sargassohavet nordaust for Cuba og Bahamas for å gyte?
Yngelen brukar omlag tre år på å reise tilbake til slektas opprinnelsesstad, og når dei er store nokk så dreg dei ned til Sagassohavet igjenn for å gyte. Ganske så rart, men interessang ikkje sant?

anguillaanguilla


Takk til Randi for god ål-informasjon. Og til wikipedia for bekrefting.

blogg.blogg.blogg.no(?)

Hei, og velkommen til min nye blogg. Host.
Blogg er eit veldig stygt ord. Men nok om det.
Eg får ikkje sove. Eg vert berre liggande og tenke.
Så kvifor ikkje lage ein blogg?

Mitt første dilemma; Kva skal bloggen heite?
- Eg ville opprinneleg at den skulle heite blogg.blogg.no.
Det gjekk ikkje. Antageleg så er det vel opptatt.
Men Draumlaus er vel fint?

Eg kan vel eigentleg starte med å fortelle at eg nettopp lurte på kva for eit teikn dette her er: Ω
Det er nemleg avbileta på ein av knappane som eg kan trykke på mens eg skriv;
knis

Så... Det som skjedde var at eg tenkte at det måtte eg skrive om at dette var noko eg lurte på, og for å illustrere det så brukte eg mykje tid på å finne ut korleis ein tok eit "printscreen" bilete med mac. Noko som eg eigentleg viste fra før, men hadde gløymt.
Når eg endeleg kom fram til kva det var (command + shift + 3), kom eg på at eg kunne jo berre trykke på knappen og sjå kva som skjedde. Heh.. Det var ei liste med alle teikna eg kunne bruke;

knis2

Hehe.. Måtte nesten legge inn eit screenshot til, sidan eg sleit slik med å få det til.

Håpar at du som lesar følar at du har fått eit godt innblikk i tankestraumen min klokka 03:33 om natta.
No skal eg prøve å sove. Igjenn. Kjem muligens tilbake med meir informasjon. Haha.
Men det er vel eigentleg ikkje relevant sidan ingen kjem til å lese noko av det her før enn i morgon tidleg når eg har fått reklamert litt. No må eg slutte å tenkte.
God Natt.

Ps. Tilbake til det dilemmaet eg skreiv om tidlegare.. Ville forresten at bloggen skulle heite; Draumsøtt. Men teite engelske alfabetet trur at Ø er eit spesial teikn som muligens høyrar inne under "knappen" Ω. (som forresten heiter omega. Trur eg.)

Ps.Ps! Korleis får eg sletta; (?)

 knis3

Det ser ikkje kult ut i det heile tatt.... Knis.
Les mer i arkivet » Januar 2010 » November 2009 » August 2009
hits